


Stranda er ikkje berre ein stad
Stranda er ikkje berre ein stad. Det er denne jobben, denne heimen, denne framtida, denne kjensla, ja, kort sagt: Denne Stranda.
Denne Stranda AS er eigd av lokalt næringsliv og kommunen – saman er vi ei drivkraft for utvikling.
Flytt til bygder som gir deg den kjensla
Stranda er ein kommune på Nord-Vestlandet, ikkje langt frå Ålesund. Her bur vi langs indre delar av Storfjorden, inkludert fjordarmane Sunnylvsfjorden og Geirangerfjorden, med lett tilgang til Sunnmørsalpane, spennande arbeidsplassar og gode naboskap.

Stranda og Liabygda
Stranda er kommunesenteret. Ein kort ferjetur over fjorden ligg vakre Liabygda.

Geiranger
Inst i UNESCO Verdsarvsarvsfjorden ligg Geiranger med verdskjende reiselivsbredrifter og eigen skule og barnehage.

Hellesylt og Sunnylven
I Sunnylvsfjorden blomstrar reiselivet, næringslivet og bygdelivet.