
Om Denne Stranda AS
I Stranda har kommunen og næringslivet gått saman for å vise kvifor vi har gjort Denne Stranda til heimen vår. Vil du skape framtida di i Stranda?
Drivkraft for utvikling
Denne Stranda AS er eit utviklingsselskap som jobbar for bu- og skapelyst, for å gjere Stranda til ein attraktiv stad for dei som bur her og dei som vil flytte hit.
Selskapet vart etablert då næringslivet og Stranda kommune gjekk saman om å skape ei felles drivkraft for utvikling i kommunen.
Vi skal vere ein sterk og synleg motor som koplar saman ressursar, aktørar og idéar. Vi jobbar på tvers av næringsliv, kommune og lokalsamfunn for å skape utvikling, men òg for å synleggjere alt det gode som allereie finst i Stranda. Vi skal løfte fram arbeidslivet, tilboda, møteplassane og moglegheitene i bygdene våre, og bidra til at fleire får auge på kva Stranda har å by på.
Verdiane våre:
Handlekraftig. Ekte. Inkluderande.

Arbeidet vårt er samla rundt fire hovudområde:
Dette jobbar vi med
Lag og felles identitet
Vi byggjer fellesskap og lokal stoltheit, styrkjer merkevara Stranda og jobbar for å knyte bygdene våre tettare saman.
Attraktivitet og rekruttering
Vi synleggjer Stranda som ein attraktiv stad å bu og arbeide, og jobbar for å styrkje rekruttering, tilflytting og tilhøyrsle.
Næringsutvikling og nyskaping
Vi legg til rette for samarbeid, kompetanseutvikling, nyskaping og nye etableringar.
Infrastruktur
Vi er pådrivar for utvikling av bustader, tettstader og fysisk og digital infrastruktur som legg til rette for bu- og skapelyst.

Frå strategi til handling
Denne Stranda skal bidra til at gode idéar og behov blir omsette til handling. Vi er ein koplar og pådrivar som samlar bedrifter, kommune, organisasjonar og andre aktørar, set i gang samarbeid og bidreg til å drive utviklingsprosessar framover.
Vi er ein liten organisasjon og kan ikkje – og skal ikkje – gjennomføre alt åleine. Rolla vår er ofte å kople dei rette folka og ressursane saman, løfte fram moglegheiter og bidra til at gode initiativ får fart. Nokre tiltak gjennomfører vi sjølve, medan andre blir til i samarbeid med næringslivet, kommunen eller andre aktørar.
Samtidig handlar utvikling ikkje berre om å skape noko nytt. Ein viktig del av arbeidet vårt er å synleggjere og løfte fram det som allereie finst – arbeidsplassane, tilboda, kompetansen, initiativa og moglegheitene i bygdene våre. Slik ønskjer vi både å skape meir stoltheit lokalt og gjere det enklare for fleire å få auge på kva Stranda har å by på. Strategien vår legg særleg vekt på å styrkje merkevara Stranda.

Våre partnarar og aksjonærar
Denne Stranda AS er eigd av næringslivet i Stranda og Stranda kommune. Som aksjonærar og partnar i Denne Stranda er bedrifter med på å styrkje utvikling og nyskaping i Stranda.

Denne Stranda AS er eigd av næringslivet i Stranda og Stranda kommune. Her er folka som driv selskapet framover.
Tilsette

Marie Kvalsnes Nygård
Dagleg leiar, Denne Stranda AS
Marie er dagleg leiar i Denne Stranda og jobbar med alt frå næringsutvikling og rekruttering til møteplassar, prosjekt og samarbeid på tvers av bygdene våre. Ta gjerne kontakt!
Styret


Katrin Blomvik Bakken
Direktør, Norsk Fjordsenter Geiranger

Pål Ringstad
Dagleg leiar, Langlo

Einar Arve Nordang
Ordførar, Stranda kommune

Svein Urke
Fabrikksjef, Orkla Stranda

Bente Bonsaksen
Dagleg leiar, Bonseye
Ofte stilte spørsmål
Denne Stranda er eit eige aksjeselskap (AS), og ikkje ein del av Stranda kommune. Kommunen er ein av aksjonærane våre, saman med fleire lokale bedrifter, men vi er ein sjølvstendig organisasjon.
- Det betyr også at vi ikkje kan svare på spørsmål om kommunale saker. For slike spørsmål anbefaler vi å ta direkte kontakt med Stranda kommune eller sjå nettsidene deira.
Har du sett Grilstad sin reklame om «ikkje denne Stranda»? Namnet vårt er inspirert av dette konseptet – ein reklame som verkeleg har vore med på å setje Stranda på kartet, og som mange i Noreg kjenner til.
- Vi er ikkje ein del av Grilstad, men dei er ein av aksjonærane våre, saman med fleire andre lokale bedrifter og Stranda kommune.
Ved å seie Denne Stranda snur vi det litt – og set fokus på at det er akkurat denne plassen som kan vere rett for deg. Det er også grunnlaget for mykje av kommunikasjonen vår, som denne jobben, denne heimen og denne fritida.
Kort sagt: Vi ønskjer å løfte fram alle moglegheitene som finst her – i denne Stranda.
Vi har dessverre ikkje økonomisk høve til å sponse arrangement. Denne Stranda har ikkje kommersielle salsinntekter. All finansiering kjem frå partnarbedrifter og går fullt og heilt til vidareutvikling av Denne Stranda. Vi er likevel opne for andre former for samarbeid.