
Denne heimen
Velkomen heim til Stranda på Sunnmøre, nord på Vestlandet. Anten du er herifrå, eller du vurderer å flytte hit. Her kan du føle deg heime.
Kjøp, leig eller kanskje flytt på hytta
Denne bustaden
Både på Stranda, i Liabygda, på Hellesylt og i Geiranger finst spennande bustader.

Møteplassar og aktivitetar i Stranda
Denne møteplassen
Stranda er eit levande samfunn der alle kan delta i ulike aktivitetar. Frå idrettslag til kulturelle arrangement: Det er alltid noko som skjer i bygdene våre.
Storfjord kulturhus
Sjå kva som skjer på Storfjord kulturhus.
Kultur og idrett
Få oversyn over arrangement, lag og aktivitetar.

Hels på Marie
Marie har sjølv flytta til Stranda frå byen. No har ho flytta inn på eit lite småbruk, byrja i jobb i Denne Stranda og brenn for å hjelpe alle som vil flytte til Sunnmøre. Vi hjelper deg gjerne med å finne passande bustad, moglege aktivitetar og meir informasjon om det å flytte hit.

Dette livet
Oppvekst og skule i Stranda
Om å vakse opp i Stranda, Hellesylt, Liabygda, Geiranger.

Ofte stilte spørsmål
Ja. Alle yrkesaktive kan få redusert studielånet med 25 000 kr i året frå og med 1.1.2025 per heile år de bur i Stranda. Les meir på Lånekassen sine sider.