
Denne jobben
I Stranda finn du eit variert næringsliv; frå reiseliv i verdsklasse til industri, matproduksjon og teknologi – med moglegheiter for deg som vil jobbe, skape og utvikle deg.
Éin portal – mange moglegheiter
Vi har samla ledige stillingar i Stranda i éin felles rekrutteringsportal. Her finn du også informasjon om bedriftene – og kven du kan ta kontakt med. Søk på konkrete jobbar, eller legg igjen ein open søknad.
Kanskje ligg denne jobben og ventar på deg?

Fleire jobbar
Fann du ikkje det du leitar etter i portalen vår? Sjekk også Finn.no eller NAV Arbeidsplassen.

Næringslivet i Stranda

Reiseliv i verdsklasse
Folk frå heile verda kjem til Stranda for å sjå verdsarven med fjord, fjell og destinasjonar som Geiranger og Hellesylt. Kom til oss, her er det mange moglegheiter til å arbeide med reiseliv

Mettar folk i heile verda
Få stader mettar fleire enn Stranda. Kom hit og jobb med spekemat, pizza, cider og sjømat som gir smak til heile verda.

Teknologi, tradisjonar og tenester
Stranda er kjend for å gjere idear om til arbeidsplassar, frå møblar og teknologi til mat og opplevingar. Her har vi både tradisjon og nytenking, og alltid plass til fleire som vil skape noko nytt
Marie kan hjelpe deg
Marie har sjølv flytta til Stranda frå byen. No har ho flytta på gard, byrja i jobb i Denne Stranda og brenn for å hjelpe alle som vil flytte til Sunnmøre. Marie er matchmaker på heiltid. Ho arbeider i Stranda for at folk skal flytte hit, finne jobb, nye nettverk. Ho kan ikkje gjere heile jobben for deg, men ho kan hjelpe deg til å opne nokre dørar.
Vi hjelper deg gjerne med å finne passande bustad, moglege aktivitetar og meir informasjon om det å flytte hit.

Ofte stilte spørsmål
Ja. Alle yrkesaktive kan få redusert studielånet med 25 000 kr i året frå og med 1.1.2025 per heile år de bur i Stranda. Les meir på Lånekassen sine sider.