Kva skjer i Stranda denne helga? Når er neste konsert, quiz, løp eller bygdepub? Og kvar finn du eigentleg oversikt over fritidsaktivitetar du kan bli med på?
Vi opplever stadig at innbyggjarar etterspør éin felles kalender for det som skjer i Stranda kommune – og den har vi allereie på iStranda.no.
iStranda er utarbeidd av Stranda Frivilligsentral. Her finn du ein felles aktivitetskalender for heile Stranda kommune, der lag, organisasjonar, bedrifter og andre aktørar kan synleggjere det som skjer.
Målet er å gjere det enklare for både innbyggjarar og besøkande å finne ut kva som skjer i bygdene våre.
Meir enn berre ein kalender
iStranda gir også oversikt over lag, organisasjonar og aktivitetstilbod i kommunen, med informasjon og kontaktopplysningar.
Det betyr at sida ikkje berre kan brukast når du lurer på kva som skjer til helga. Ho kan også hjelpe deg med å finne eit lag å engasjere deg i, ein fritidsaktivitet du har lyst til å prøve eller kven du skal kontakte dersom du ønskjer å bli med.
Ein stad der alle kan finne fram
Mykje av det som skjer i kommunen blir i dag delt i lokale Facebook-grupper, og desse er framleis viktige kanalar for å nå ut. Samtidig gjer algoritmane og søkjefunksjonane på Facebook at det kan vere vanskeleg å få med seg alt, sjølv om ein er medlem i dei rette gruppene.
For nye innbyggjarar, tilflyttarar og besøkande kan det vere endå vanskelegare. Dersom ein ikkje kjenner til kva dei lokale gruppene heiter eller kvar ein skal leite, er mykje av informasjonen lite synleg.
Det er nettopp derfor ein felles aktivitetskalender er så nyttig. På iStranda kan alle gå til éin stad og få oversikt over kva som skjer i heile kommunen.
Kalenderen blir så god som vi gjer han
For at iStranda skal bli den naturlege staden å gå når ein lurer på «kva skjer i Stranda?», er vi avhengige av at kalenderen blir brukt.
Vi oppmodar derfor lag, organisasjonar, bedrifter og andre arrangørar til å legge inn arrangementa sine, og til å vise folk vidare til iStranda når dei skal finne ut kva som skjer.
Jo fleire som brukar kalenderen, desto meir komplett og nyttig blir han. Målet er at iStranda skal vere førstevalet når ein vil finne ut kva som skjer i Stranda kommune.
Skal du arrangere noko?
Ønskjer du tilgang til å legge inn arrangement eller oppdatere informasjon om laget, organisasjonen eller bedrifta di? Ta kontakt med Stranda Frivilligsentral. Du finn kontaktinformasjon og rettleiing på iStranda.no.
Så neste gong du lurer på kva som skjer i Stranda – ta turen innom iStranda.no!



