Katrin Blomvik Bakken

Publisert den

16. juni 2026

Katrin Blomvik Bakken inn i styret i Denne Stranda

Denne Stranda har fått eit nytt medlem i styret. Katrin Blomvik Bakken kjem inn som styremedlem, og tek over etter Sindre Mjelva, som går ut av styret.

Katrin er direktør ved Norsk Fjordsenter i Geiranger (Geiranger Verdsarvfjord), og er ein viktig bidragsytar og eldsjel i lokalmiljøet i Geiranger, både gjennom jobben og privat. Ho har eit stort engasjement for bygda og lokalsamfunnet, og brei erfaring frå arbeid med utvikling, samarbeid og verdiskaping.

Vi er svært glade for å få Katrin med på laget, og ser fram til å få hennar erfaring og engasjement inn i styrearbeidet og den vidare utviklinga av Denne Stranda.

Samtidig vil vi rette ein stor takk til Sindre Mjelva for den gode jobben han har gjort i styret. Som hotelleigar ved Hotel Union Geiranger har Sindre lang og brei erfaring som næringslivsleiar, frå ei verksemd med ei sterk stilling både lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Sindre har bidrege med verdifull lokalkunnskap og eit sterkt engasjement for utviklinga av Geiranger og Stranda kommune.

Vi set stor pris på engasjementet, erfaringa og tida Sindre har lagt ned i styret, og takkar han for eit godt samarbeid.

Denne Stranda er eigd av lokale verksemder og Stranda kommune, og styret har difor ei viktig rolle i arbeidet med å utvikle selskapet og bidra til bu- og skaparlyst i heile Stranda kommune.

Tusen takk for innsatsen, Sindre – og hjarteleg velkomen til Katrin!

Del denne historia