Har du ein forretningsidé, går med ein gründerdraum eller allereie er i gang med å etablere eiga verksemd? No kan du ta turen til Denne Stranda for å få hjelp på vegen.
Frå november 2025 tok Denne Stranda AS over hoppid-funksjonen for Stranda kommune. Det betyr at gründertenesta no blir ein del av arbeidet vårt med næringsutvikling, nyskaping og skapelyst i kommunen.
Gratis veiledning til deg som vil skape noko
hoppid er eit tilbod til deg som ønskjer å starte eller utvikle eiga bedrift. Gjennom tenesta kan du få gratis gründerrettleiing og sparring på alt frå sjølve forretningsideen og forretningsmodellen til finansiering, marknad og vegen vidare.
Målet er ikkje at du skal ha ein ferdig forretningsplan før du tek kontakt. Kanskje har du berre ein idé du har lyst til å utforske, eller eit spørsmål om kva som skal til for å kome i gang. Då kan hoppid vere ein god stad å starte.
Gjennom hoppid kan du mellom anna få hjelp med:
- sparring på forretningsidé og forretningsmodell
- rettleiing rundt etablering av bedrift og finansiering
- kopling til relevante fagmiljø, nettverk og kompetanse
- kurs og oppstartsprogram
- moglegheit til å søkje om avklaringsmidlar
Nyetablerarar kan søkje om inntil 40 000 kroner i avklaringsmidlar. Midlane kan brukast til aktivitetar som bidreg til å finne ut om og korleis ein forretningsidé kan utviklast til ei levedyktig bedrift, til dømes gjennom avklaring av marknadspotensial, lønsemd og vegval. Les meir om Hoppid her.
Ein naturleg del av arbeidet vårt
For Denne Stranda handlar skapelyst også om å gjere det enklare å utvikle idear, starte verksemder og skape nye arbeidsplassar i bygdene våre. At hoppid-tenesta no blir drifta av Denne Stranda, passar derfor godt inn i arbeidet vi allereie gjer for nærings- og samfunnsutvikling.
Gjennom Denne Stranda kan vi også bidra til å kople gründerar vidare mot lokalt næringsliv, relevante kompetansemiljø og andre aktørar som kan vere viktige på vegen frå idé til verksemd.
hoppid er eit samarbeid mellom Møre og Romsdal fylkeskommune, kommunane, Innovasjon Norge og Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.
Har du ein idé? Ta kontakt!
Du treng ikkje vite om ideen din kan bli ei bedrift før du tek kontakt, det er nettopp noko av det vi kan hjelpe deg med å finne ut av.
Les meir om hoppid og kva vi kan hjelpe deg med her.



