Postkasse i Stranda sentrum

Publisert den

24. august 2026

Ny felles bustadportal for Stranda

Denne Stranda har lansert ein felles bustadportal for Stranda, der alle kan legge ut bustader og tomter for sal eller utleige. Det er også mogleg å legge ut annonse dersom ein sjølv er på jakt etter ein stad å bu.

Målet er å gjere det enklare å finne bustad i Stranda – og samtidig få fram fleire av bustadene som faktisk er tilgjengelege i bygdene våre.

Tilgang på bustad er viktig for å få fleire til å flytte til kommunen. Vi opplever jamleg førespurnader frå folk som ønskjer å flytte hit, men som slit med å finne ein stad å bu. Særleg kan det vere vanskeleg å finne leigebustader, fordi mykje blir formidla gjennom lokale Facebook-grupper, kjennskap og nettverk som ikkje nødvendigvis er like lett tilgjengelege for dei som ikkje bur her frå før.

Samlar bustadene på éin stad

Med bustadportalen ønskjer vi å samle og synleggjere ledige bustader og tomter frå alle bygdene våre på éin stad.

Her kan du legge ut bustad til sal eller leige, tomt til sal eller annonse dersom du sjølv ønskjer å leige. Portalen kan også nyttast for bustader som er tilgjengelege i ein avgrensa periode, til dømes for sesongarbeidarar, reisande arbeidarar eller andre som treng ein stad å bu mellombels.

Portalen er meint for bustader der folk faktisk skal bu, og ikkje for korttidsutleige til turistar og ferieutleige.

Vi må synleggjere tilbod offentleg

Skal portalen bli nyttig, er vi avhengige av at dei som har ein ledig bustad eller tomt faktisk legg han ut.

Eit godt og synleg bustadtilbod er ein viktig del av arbeidet med å skape bu- og skaparlyst i heile Stranda kommune. Bustadportalen skal ikkje løyse bustadutfordringane åleine, men kan bidra til å gjere det vi faktisk har, meir synleg og tilgjengeleg.

Har du ein ledig bustad eller tomt? Legg ut annonse i bustadportalen – og hjelp oss gjerne med å spreie ordet!

Del denne historia