Her er det kort veg frå kontoret til fjellet
Hos oss er det trygt å vakse opp
Venskap og fellesskap på jobb

Stranda er ikkje berre ein stad

Stranda er ikkje berre ein stad. Det er denne jobben, denne heimen, denne framtida, ja, kort sagt: Denne Stranda.

Er du på jakt etter draumejobben, framtidsheimen eller noko meir? Vi i Denne Stranda gjer det enklare for deg å finne jobb, bustad, nettverk – og kanskje oppdage denne kjensla; av å ha funne rett stad.

Gå til Denne heimen for å sjå korleis det er å bu her – eller til Denne jobben, der vi har samla alle jobbmoglegheitene i Stranda.

Flytt til bygder som gir deg denne kjensla; at du har funne rett stad

Stranda er ein kommune på Nord-Vestlandet, ikkje langt frå Ålesund. Her bur vi langs indre delar av Storfjorden, inkludert fjordarmane Sunnylvsfjorden og Geirangerfjorden, med lett tilgang til Sunnmørsalpane, spennande arbeidsplassar og gode naboskap.

Høgdepunkt gjennom året

januar · vinter

Start året på Storfjord Kulturhus

På Storfjord Kulturhus skjer det noko året rundt! Her kan du oppleve store norske komikarar og forfattarar, teater, konsertar og eit variert kinoprogram – med nye kulturopplevingar på programmet gjennom heile året.

Les meir

↕ rull for å navigere

1
januar
2
februar
3
4
5

Finn fleire arrangement på iStranda.no