
Hellesylt og Sunnylven
Hellesylt er bygdesenteret i Sunnylven, inst i Storfjorden, ved inngangsporten til Geirangerfjorden, og på vegen mellom Stranda og Stryn.
Ei lita bygd med stort næringsliv
Landbruket står sterkt i Sunnylven, med aktive gardar og matproduksjon i bygda og dalane rundt. Samtidig har Hellesylt fleire solide bedrifter og arbeidsplassar innan industri, bygg, handel og service.
Ein av dei største er Ole Ringdal AS, som har lange tradisjonar på Hellesylt og driv med slakting og vidareforedling av kjøt. Her finn du også bedrifter som Formvac og HT Bygg, i tillegg til fleire mindre verksemder.
Hellesylt har også blitt ein stad for ny teknologi og grøn energi. I 2024 opna Hellesylt Hydrogen Hub, som produserer fornybart hydrogen basert på lokal vasskraft.

Kvardagen
På Hellesylt finn du Sunnylven skule, med elevar frå 1.–10. klasse, og Sunnylven barnehage. I sentrum finn du daglegvarebutikkar og andre butikkar og tenester.
Her er også idrettsanlegg og eit aktivt miljø innan mellom anna fotball, ski og friidrett. Lag og organisasjonar står sterkt, og mykje av det som skjer i bygda blir til gjennom frivillig innsats, som blant anna fleire lokale løp, Hellesyltdagane og arrangement gjennom Sunnylven Bygdekvinnelag.

Reiseliv og friluftsliv
Hellesylt har lange tradisjonar som reisemål og er ein av inngangane til Geirangerfjorden og verdsarvområdet. Ferja mellom Hellesylt og Geiranger går rett inn fjorden, og cruiseskip legg til ved kaia midt i sentrum.
Frå sentrum kan du mellom anna bli med på RIB-tur, padle kajakk eller utforske fjorden på eiga hand.
Og midt gjennom sentrum renn Hellesyltfossen. Fossen er ein naturleg del av sentrumsbildet og eit av dei mest kjende motiva frå Hellesylt.
Over Ljøfjellet går ein av dei flottaste delane av Den Trondhjemske postveg. I dag er postvegen over Ljøbrekka restaurert og teken i bruk som turveg. Det er lagt ned eit stort arbeid og mange dugnadstimar gjennom Ljøbrekkas venner for å ta vare på vegen og historia han representerer.
På Ljøsætra, 645 meter over havet ser du mot inngangen til Geirangerfjorden, og bileta frå sætra og postvegen med fjorden langt der nede har blitt nokre av dei ikoniske motiva frå området.
