
Stranda
Stranda er kommunesenteret og den største bygda i Stranda kommune. Her finn du eit sterkt næringsliv, mange arbeidsplassar og eit godt utval av tenester, aktivitetar og møteplassar. Det meste ligg tett på, og det er mykje å ta del i – både på jobb og på fritida.
Ei skikkeleg industribygd
Stranda har lange og sterke industritradisjonar. Det var her Grandiosa vart til, her kjem Strandaskinka frå, og bygda er framleis heimstad for fleire store og små industribedrifter. Næringsmiddelindustrien står sterkt, med mellom anna produksjon av pizza, spekemat og sjømat, og Norsk Sjømat er ein av fleire store arbeidsgjevarar i bygda.
Industrien har skapt arbeidsplassar og kompetanse gjennom generasjonar, og er framleis ein viktig del av identiteten til Stranda. Samtidig finn du eit breitt næringsliv innan mellom anna handel, reiseliv, bygg og anlegg, service og offentleg sektor.

Det meste du treng i kvardagen
Som kommunesenter har Stranda mange av tilboda og tenestene i kommunen samla på ein stad. Her ligg kommuneadministrasjonen, og bygda har fire barnehagar og to vidaregåande skular – Stranda vidaregåande skule og Vestborg vidaregåande skule.
I sentrum finn du tre daglegvarebutikkar, fleire andre butikkar og tenester, og tre kaféar og bakeri. Her finn du også Storfjord kulturhus, med mellom anna kino, bibliotek, kulturskule og arrangement gjennom året.
Og så har vi Skinkerådhuset – det tidlegare rådhuset som vart kjøpt av Stranda/Grilstad og fekk nytt namn. Eit litt annleis innslag i sentrum.

Mykje å gjere
På Mona finn du fotballstadion, og ikkje langt unnav ligg Strandahallen. Bygda har tre treningssenter, golfbane og eit aktivt idretts- og organisasjonsliv.
På Strandafjellet ligg skisenteret berre nokre minutt frå sentrum. Frå toppen av Roalden ser du utover Storfjorden og fjella rundt, og det er her mange av dei ikoniske bileta frå Stranda er tekne: skikøyrarar høgt til fjells med fjorden langt der nede. Her kan du bokstaveleg talt stå på ski frå fjellet og ned mot fjorden. Det er ei utsikt vi aldri heilt blir vane med.
På Koie finn du både hytteutleige og camping, men også ein av møteplassane for underhaldning og uteliv på Stranda. I Koie Lavvo blir det arrangert pub, quiz, konsertar og større festivalkonsertar gjennom året.
Og det er enkelt å komme seg ut også utan ski på beina. Du kan gå eller springe ein tur etter jobb, spele golf, bade eller bruke fjorden – utan at det krev mykje planlegging eller reisetid.
