Geiranger

Geiranger

Geiranger er den minste bygda i Stranda kommune, men kanskje den mest kjende. Kvar sommar kjem menneske frå heile verda hit for å oppleve verdsarvfjorden, men bak postkortmotiva ligg det også ei levande bygd med liv og røre året rundt.

UNESCO verdsarvområde

Geiranger ligg inst i Geirangerfjorden, ein del av UNESCO verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap. Fjorden, fossane og dei bratte fjellsidene er verdskjende, men for dei som bur her er dei også ein del av kvardagen.

Frå sentrum er det kort veg til fjord, fjell og turstiar, og naturen er like mykje ein arbeidsplass som eit friluftsområde.

Reiselivet er nemleg ryggrada i Geiranger, og bygda har utvikla seg gjennom generasjonar til å bli eit av Noregs viktigaste reisemål.

På Norsk Fjordsenter kan du bli betre kjend med verdsarven og historia til området. Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv arbeider med å ta vare på og formidle natur- og kulturarven, men også med utvikling og prosjekt knytt til verdsarvområdet.

Ein viktig del av historia finn du også på fjordgardane langs Geirangerfjorden. Gardar som Skageflå og Knivsflå fortel om korleis folk har levd og skapt seg eit liv i dette landskapet gjennom generasjonar.

Content image

Reiseliv i verdsklasse

I Geiranger finn du eit reiselivsmiljø med lange tradisjonar og stor kompetanse. Hotel Union Geiranger, Havila Hotel Geiranger, Geiranger Fjordservice og ei rekkje andre bedrifter skaper arbeidsplassar innan alt frå hotell, mat og aktivitetar til transport, handel og opplevingar.

Her blir det også skapt lokale produkt. Geiranger Sjokolade held til i det gamle naustet nede ved fjorden, og er eitt av fleire eksempel på bedrifter som har bygd noko eige med utgangspunkt i Geiranger.

Reiselivet gir mange ulike jobbmoglegheiter og ein arbeidsplass der kollegaene og gjestene gjerne kjem frå mange ulike delar av verda.

Content image

Kvardagen i Geiranger

Geiranger har eigen skule og barnehage, butikk og dei tilboda ein liten tettstad treng i kvardagen. Samtidig set reiselivet sitt tydelege preg på bygda, med eit stort utval av serveringsstader, aktivitetar og tilbod, særleg gjennom vår-, sommar- og haustsesongen.

Det skjer også mykje gjennom året, med lokale arrangement som Festspela og Geiranger Lyskunstfestival, konsertar, pubkveldar, idrett og aktivitetar skapte av både næringslivet, frivillige og bygdefolket sjølv.

Det er store høgdeforskjellar på korte avstandar i Geiranger. Frå sentrum ved fjorden går vegen opp mot Flydalsjuvet og vidare til Dalsnibba, 1500 meter over havet. På andre sida finn du Ørnesvingen med utsikt tilbake mot bygda og Geirangerfjorden.

Du kan padle på fjorden, gå til ein av fjordgardane, springe eller sykle opp dei bratte bakkane, eller ta turen vidare opp i fjellet. Her er mykje av det folk reiser langt for å oppleve, rett utanfor døra.

Foto: Festspela.

Content image