Gründertenesta hoppid

Gründertenesta hoppid

hoppid er eit tilbod om gratis gründerrettleiing, kurs og etablerarstøtte til deg som ønskjer å starte bedrift i Møre og Romsdal. Gjennom hoppid kan du få:

  • sparring om forretningsidé og forretningsmodell
  • rettleiing i regelverk rundt etablering av bedrift
  • rettleiing om finansiering
  • kopling til innovasjonsmiljø og bransjespesifikk kompetanse
  • økonomisk støtte (avklaringsmidlar)

hoppid er eit samarbeid mellom Møre og Romsdal fylkeskommune, kommunane, Innovasjon Norge og Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. Denne Stranda AS drifter hoppid funksjonen for Stranda kommune.

Avklaringsmidlar

Nyetablerarar kan søke om støtte på inntil 40 000 kroner for å finne ut om og korleis forretningsideen kan bli utvikla til levedyktig bedrift. Midlane skal brukast til enkle, men viktige aktivitetar for å avklare marknadspotensial, lønsemd, organisering, vegval og framdrift.

Vil du søke om avklaringsmidlar, ta kontakt med marie@dennestranda.no.

Content image

Oppstartsprogram

hoppid Oppstart er eit kursprogram for å utvikle ein forretningside. Kurset går over 3 veker med 10 nettbaserte samlingar. Mellom samlingane arbeider du med å utvikle forretningsideen din og du får oppfylging frå ein hoppid.no-rådgivar. Kurshaldar er rådgivingsselskapet Entreprenerdy.

Content image
Gründertenesta hoppid | Denne Stranda