Denne Stranda har blitt ein del av Næringshageprogrammet, og bedrifter i Stranda kommune kan no få tilgang til kompetanse og bistand til utviklingsarbeid til ein sterkt redusert pris.
Næringshageprogrammet er ei nasjonal Innovasjon Norge finansiert satsing som skal bidra til auka verdiskaping, vekst og utvikling i næringslivet. Gjennom programmet blir inntil 70% av kostnaden ved utviklingsarbeidet subsidiert, slik at bedriftene sjølve berre betaler ein del av den reelle kostnaden.
Lokalt utviklingsarbeid
I vår region blir Næringshageprogrammet administrert av Nordveggen AS, medan utviklingsarbeidet blir gjennomført lokalt av utviklingsselskapa i dei ulike kommunane. Denne Stranda er den lokale aktøren for bedriftene i Stranda kommune.
Det betyr at bedriftene får ein lokal samarbeidspartnar som kjenner næringslivet og kommunen, samtidig som vi gjennom Næringshageprogrammet er del av eit større kompetansemiljø. Saman med Nordveggen og dei andre utviklingsselskapa kan vi dele kompetanse og kople inn andre fagmiljø når det er behov for det.
Kva kan bedrifta få hjelp til?
Næringshageprogrammet kan nyttast til konkrete utviklingsprosjekt i bedrifta. Det kan til dømes vere arbeid med:
- strategi og forretningsutvikling
- marknad og sal
- berekraft og omstilling
- finansiering og søknadsprosessar
- utvikling av nye produkt og tenester
- kompetanse, nettverk og samarbeid
Kva bistand som er aktuell, blir vurdert ut frå behova og utviklingsmåla til den enkelte bedrifta.
For Denne Stranda gir Næringshageprogrammet oss eit nytt og viktig verktøy i arbeidet med å bidra til utvikling og verdiskaping i det lokale næringslivet.
Har bedrifta di eit utviklingsprosjekt eller ei utfordring de ønskjer hjelp til? Les meir om programmet her og ta gjerne kontakt for å diskutere moglegheitene.



