Næringshageprogrammet

Næringshageprogrammet

Kva er Næringshageprogrammet?

Næringshageprogrammet er ei statleg støtteordning med mål om å bidra til vekst, berekraftig omstilling og auka konkurransekraft i næringslivet.

Programmet blir administrert regionalt av Nordveggen AS, og utviklingsarbeidet blir gjennomført av og i samarbeid mellom lokale næringsselskap: Denne Stranda AS, Nesset Vekst, Fjordhagen, Sykkylven Næringsutvikling AS og Vestnes Næringsforum.

Saman tilbyr vi utviklingsarbeid til bedrifter som blir ein del av Næringshageprogrammet – med lokal forankring og tilgang til brei kompetanse.

Enkelt sagt tilbyr vi subsidiert prosjektleiing, anten gjennom intern kompetanse hos ein av samarbeidspartnarane eller gjennom eksterne fagmiljø.

Content image

Vi kan bistå med

Nedanfor finn du nokre døme på kva vi kan bistå med:

  • Forretningsutvikling og bedriftsrådgjeving
  • Miljøleiing og berekraftsarbeid
  • Strategiarbeid og fasilitering av samlingar
  • Rettleiing ved søknad til Næringsfond, Innovasjon Noreg, SkatteFUNN
  • Marknad, ekspansjon, internasjonale ambisjonar
  • Finansieringsrettleiing
  • Kopling opp mot eit breitt spekter av regionale og nasjonale forskings- og utviklingsmiljø, kunnskapsmiljø og verkemiddel for innovasjon
Content image

Som målbedrift får du

Rabatt på prosjektleiing

  • Inntil 75 % rabatt på rådgjeving frå Denne Stranda AS
  • Inntil 40 % rabatt på rådgjeving frå eksterne konsulentar der Denne Stranda ikkje kan bidra
  • 1 gratis utviklingssamtale
ORDINÆR TIMEPRIS
  • Ordinær timepris / marknadspris Denne Stranda AS: Kr 1 500,-
  • Timepris eksterne: Konsulent + 200 kr per time

KompetanseForum

  • Gratis tilgang til fagsendingar i regi av næringshagen
  • Foredragshaldarar frå øvste liste
  • Enkelte fagsendingar blir arrangert som fysiske samlingar med frukost inkludert

Du får også 25 % rabatt på kurs i regi av Studiesenter Romsdal, arrangert av Nordveggen AS, samt gratis profilering gjennom dei digitale flatene til Denne Stranda.

Bli målbedrift

Næringshageavtalen kostar per 2026 kr 1 875,-

Ta kontakt med Denne Stranda eller ditt lokale utviklingsselskap for å høyre meir om korleis di bedrift kan bli ein del av næringshageprogrammet.

Content image