Person på Ansokhornet

Publisert den

14. oktober 2025

Ny felles rekrutteringsportal for Stranda

Denne Stranda har lansert ein felles rekrutteringsportal for næringslivet i Stranda. Målet er å samle ledige stillingar på éin stad, gjere det enklare å finne jobb i Stranda. og synleggjere dei mange karrieremoglegheitene som finst i kommunen.

Rekruttering er ei viktig utfordring for mange av bedriftene våre. Samtidig veit vi at det finst mange spennande arbeidsplassar og karrierevegar i Stranda som ikkje nødvendigvis er synlege for dei som ikkje kjenner næringslivet her frå før.

Med den nye portalen ønskjer vi derfor å gjere det enklare for potensielle tilflyttarar og andre jobbsøkjarar å oppdage moglegheitene som finst her.

Ledige stillingar og bedrifter samla på éin stad

I rekrutteringsportalen kan kandidatar finne ledige stillingar frå ulike bedrifter i heile kommunen på same stad.

Kvar bedrift får også si eiga bedriftsside, der dei kan presentere verksemda og kontaktpersonar. På den måten blir bedriftene synlege i portalen også i periodar der dei ikkje har ledige stillingar, og potensielle kandidatar kan ta kontakt året rundt.

Samtidig gir det Denne Stranda moglegheit til å marknadsføre bedriftene og dei ledige stillingane samla, og på den måten synleggjere breidda i arbeidslivet og karrieremoglegheitene.

Gratis for partnerbedriftene våre

Alle partnerbedrifter i Denne Stranda får tilgang til rekrutteringsportalen heilt gratis. Andre bedrifter kan også få tilgang til rekrutteringsportalen mot betaling. Ta kontakt for meir informasjon om pris og tilgang.

Bedriftene kan velje å bruke portalen berre til å publisere og synleggjere ledige stillingar, og sende kandidatane vidare til sitt eige søknadssystem. Dei som ønskjer det, kan også bruke plattforma til sjølve rekrutteringsprosessen og handtering av kandidatar.

Kvar bedrift har sin eigen tilgang og kan berre sjå og administrere sine eigne stillingar og kandidatar.

Eit felles løft for rekruttering

Rekrutteringsportalen er ein del av Denne Stranda sitt arbeid med å styrkje rekrutteringa til kommunen. Ved å samle moglegheitene på tvers av bedrifter og bransjar kan vi vise fram breidda i arbeidslivet vårt, og marknadsføre Stranda sterkare som ein attraktiv stad å jobbe og bu.

Ønskjer bedrifta di tilgang til portalen? Ta kontakt med oss.

Del denne historia