
Bustad og tomter
Her kan du finne bustad, heim, hus, hytte eller i leiligheit i Stranda, Liabygda, Geiranger, Hellesylt og Sunnylven.
Kjøpe bustad?
Her er det mange moglegheiter, og noko ligg ute. Kontakt oss gjerne om det er noko spesielt du ser etter.
Leige bustad?
Kom til Stranda. Det finst fleire stader å bu, og noko ligg ute. Ta kontakt med oss om du ikkje finn noko som passar. Då hjelper vi deg gjerne med å finne moglegheiter.
Ledige tomter
Det finst ledige bustadtomter i Stranda. Kanskje er dette moglegheita til å realisere draumeheimen din?
Flytt på hytta
Tenkjer du på å flytte på hytta? Da er det 4 ting som må vere på plass før du byrjar søknadsprosessen.
- Vegen til hytta må vere brøyta på vinteren
- Hytta må ha innlagt vatn
- Hytta må ha ei avløpsløysning som tilfredsstillar krav til bustader
- Du må ønske å bytte bustadsadresse til Stranda kommune
Fleire ledige tomter
Utbyggarar
Ein god bustad på den rette tomta skapar gode rammer for livet. I Stranda er det fleire som driv utbygging og utvikling av bustader. Ta gjerne kontakt med våre partnarbedrifter.

Landbrukseigedom
Drøymer du om gard, småbruk eller ein eigedom med meir areal? I Stranda finn du gode moglegheiter innan landbruk, enten du ønskjer å drive aktivt eller skape din eigen plass med rom for meir.
Stranda kommune har nyttig informasjon om kva som gjeld for landbrukseigedomar, regelverk og moglegheiter.

Marie kan hjelpe deg
Marie har sjølv flytta til Stranda frå byen. No har ho flytta på gard, byrja i jobb i Denne Stranda og brenn for å hjelpe alle som vil flytte til Sunnmøre. Marie er matchmaker på heiltid. Ho arbeider i Stranda for at folk skal flytte hit, finne jobb, nye nettverk. Ho kan ikkje gjere heile jobben for deg, men ho kan hjelpe deg med å opne nokre dører.
