
Våre prosjekt og engasjement
Denne Stranda arbeider med prosjekt og initiativ som skal gjere Stranda til ein attraktiv stad å bu, arbeide, drive næring og skape noko nytt. Nokre tiltak driv vi sjølve, andre utviklar vi saman med næringslivet, kommunen og andre aktørar.
Arbeidet spenner frå rekruttering og næringsutvikling til kompetanse, møteplassar, synleggjering og utvikling av bygdene våre.
Her får du eit innblikk i noko av det vi har utvikla, er ein del av og engasjerer oss i saman med næringslivet og andre aktørar.

Etablering av cowork i Stranda
Vi jobbar med å utvikle og etablere ein cowork i Stranda sentrum; ein stad der du kan få ein sosial arbeidsplass, bygge nettverk, samarbeide og bli del av eit miljø med framoverlente folk.

Merkevarebygging og marknadsføring av Stranda
Vi jobbar kontinuerleg med å bygge merkevara Stranda og synleggjere bygdene våre som ein attraktiv stad å bu og arbeide.

Informasjonskanal for Stranda
Vi utvikler Denne Stranda sine kanalar for å samle, synleggjere og dele informasjon om jobb, bustad, næringsliv, aktivitetar, arrangement og moglegheiter i kommunen.

Stranda vidaregåande skule
Vi er ein del av arbeidsgruppa for Stranda vidaregåande skule, som har jobba aktivt politisk for å sikre framtida til skulen. No held vi fram med å bidra i utviklingsarbeidet, med mål om ein sterk og framtidsretta skule som møter behova til både ungdommane og næringslivet.







