For næringslivet

For næringslivet

Denne Stranda AS er eigd av næringslivet og Stranda kommune, og arbeider for bu- og skapelyst i Stranda. Her kan du lese om våre tilbod innan næringsutvikling og korleis di bedrift kan bli partner i Denne Stranda.

Bedriftsutvikling og gründerteneste

Denne Stranda tilbyr bistand til bedriftsutvikling gjennom Næringshageprogrammet, og drifter også gründertenesta hoppid for Stranda kommune.

Næringshageprogrammet

Næringshageprogrammet er ei statleg støtteordning med mål om å bidra til vekst, berekraftig omstilling og auka konkurransekraft i næringslivet.

hoppid

hoppid eit tilbod om gratis gründerveiledning, kurs og etablererstøtte til deg som ønsker å starte bedrift i Møre og Romsdal.

Content image

Bli partner

Som partnar i Denne Stranda får de vere med på å styrkje utvikling og nyskaping i Stranda. De får gratis deltagelse på ein rekke faglige samlingar, tilgang til møteplassar og nettverk for samhandling som bidreg til vekst og trivsel i regionen. Partnarskapet gir òg gratis synlegheit gjennom Denne Stranda sine kanalar, samt tilgang til ei moderne rekrutteringsplattform. Ta gjerne kontakt med oss for meir informasjon.

Content image
For næringslivet | Denne Stranda