Après ski-intervju
Møt potensielle kandidatar som kjem til Stranda i påska!

Tysdag 31. mars kl. 14:00 inviterer vi til Après ski-intervju på Strandafjellet!
I Stranda er kvardagen litt annleis. Her kan ein gå rett frå jobb og ut på tur i storslått natur – og på same måte kan ein faktisk stå på ski og gå rett på jobbintervju.
På Après ski-intervju møter de kandidatar som er nysgjerrige på jobb- og karrieremoglegheiter i Stranda. Dette er ein uformell møteplass der de kan bli kjend med potensielle framtidige medarbeidarar – utan at det nødvendigvis handlar om ei konkret utlyst stilling akkurat no.
Mange av deltakarane vil vere heime eller på besøk i påska, og vurderer å flytte til Stranda på kort eller lang sikt. Samtidig kan det også kome lokale kandidatar som er nysgjerrige på nye moglegheiter.
Arrangementet blir halde i afterski-bygget på Strandafjellet, og vi legg opp til ei uformell ramme der det er lett å ta ein prat og bli kjend.
Slik fungerer det
- Kvar bedrift får 3 minutt på scena til å pitche kvifor nettopp di bedrift er ein spennande arbeidsplass. Den korte tida tvingar dykk til å vere kreative og “spot on” – slik at kandidatane får den viktigaste og mest selgande informasjonen.
- Deretter legg vi opp til speed-intervju / korte samtalar mellom bedrifter og kandidatar. Tidsbruk per intervju avheng av kor mange kandidatar som melder seg på.
- Etterpå blir det moglegheit for vidare prat og mingling
- Vår samarbeidspartnar Strandafjellet Skisenter stiller med to dagspass som blir lodda ut til to kandidatar som deltek på arrangementet. Vi set stor pris på samarbeidet!
Dette er ein fin arena for å:
- Synleggjere bedrifta dykkar
- Møte potensielle framtidige medarbeidarar
- Bygge relasjonar med kandidatar som vurderer å flytte til Stranda
Meld på di bedrift
Meld dykk på via skjemaet under. Her bli de bedt om å leggje inn litt informasjon om bedrifta, kva kompetanse de er interesserte i og kven som kjem til å representere dykk på arrangementet.
Påmelding for kandidatar
Kjenner du ein kandidat som burde melde seg på? Be dei melde seg på her.
Meld deg på
Fleire arrangement
Ingen arrangementer i denne kategorien.