BLI MED HIT! Trondheim
Felles jobbmesse for Møre og Romsdal!

Små avstandar – STORE moglegheiter!
BLI MED HIT! er jobbmessa for heile Møre og Romsdal! Arbeidsgivarar frå heile fylket reiser til Trondheim kvar haust og Oslo kvar vår for å vise fram det fantastiske arbeidslivet og moglegheitene i regionen vår!
Her kan du bli inspirert, byggje nettverk og få eit innblikk i korleis livet og karrieren kan sjå ut i Møre og Romsdal.
Neste jobbmesse er på Clarion Congress Trondheim, mandag 26. oktober kl. 1630-19:00.

For kandidatar
Er du på jakt etter jobb, nye utfordringar – eller berre nysgjerrig på kva som finst der ute? På BLI MED HIT! får du møte eit breitt spekter av arbeidsgivarar frå heile fylket.
Dette er ein unik moglegheit til å:
- Utforske jobb- og karrieremoglegheiter
- Snakke direkte med bedrifter
- Byggje nettverk og skape kontaktar
- Få eit betre inntrykk av korleis det er å bu og jobbe i regionen
Messa er gratis og open for alle, uavhengig av om du er student, utflytta, tilflyttar eller berre nysgjerrig på moglegheitene i Møre og Romsdal. Hugs å hente ut gratis inngangsbillett, som også inkluderar lett servering.

For arbeidsgivarar
For bedrifter i regionen er BLI MED HIT! ein viktig arena for rekruttering og profilering.
Her får de moglegheita til å:
- Synleggjere bedrifta dykkar og kva de jobbar med
- Møte relevante kandidatar ansikt til ansikt
- Byggje relasjonar med framtidig arbeidskraft
- Skape interesse for både stillingar og regionen
I tillegg til å booke stand på sjølve messa kan arbeidsgivarane melde seg på ein sosial middag i etterkant, der ein kan bli betre kjent på tvers av bedrifter og miljø. Mange opplever at dette er vel så verdifullt som sjølve messa – her har det blitt knytt viktige kontaktar, starta nye samarbeid og opna dører for vidare utvikling i regionen.
Arrangementet gir ei unik moglegheit til å nå ut til potensielle kandidatar – også dei som ikkje aktivt er på jobbjakt, men som kan vere opne for den rette moglegheita på sikt.
Les meir og meld deg på under.
Fleire arrangement
Ingen arrangementer i denne kategorien.