Folkepub

Bli med og set idéar ut i livet i Stranda!

Koie lavvo
Næringsliv
25. februar 2026|Koie Lavvo på Stranda

Bli med og skap framtida for Stranda!


Denne Stranda jobbar for å styrke bu- og skapelysta i Stranda – for at fleire skal få lyst til å flytte hit, bli verande og skape gode liv og arbeidsplassar her. Samstundes veit vi at dette er eit arbeid vi berre får til i lag – gjennom samarbeid, deling av perspektiv og felles innsats.

Difor inviterer Denne Stranda til vår første næringspub – men denne gangen som eit ope arrangement for alle som er opptekne av rekruttering, tilflytting og utvikling av regionen vår. Med andre ord ein folkepub.

Denne kvelden handlar ikkje berre om å lytte, men om å vere med og forme konkrete tiltak vidare.

Arrangementet gjennomførast i samarbeid med vår partnerbedrift Koie.

_________________________________________________________

Stad: Koie lavvo, Stranda

Tid: Onsdag 25. februar kl. 18:00

Pris: Gratis (Hugs å melde deg på)

Baren er open, og det er mogleg å kjøpe drikke, panini og snacks..
_________________________________________________________

Agenda


- Presentasjon av Denne Stranda
Kvelden startar med ei kort presentasjon av arbeidet til Denne Stranda.

- Ærlege refleksjonar frå ein tilflyttar
Deretter får vi høyre frå Ingvild Hegge Eriksen om hennar erfaringar med å vere tilflyttar til Stranda. Ingvild kjem frå Grong kommune i Trøndelag og flytta til Stranda i 2021 etter at ho fann kjærleiken her. Ho er forfattar og frilansskribent, ho er òg utdanna lærar. Ingvild deler ærlege refleksjonar om kva som har vore bra med å flytte hit – og kva vi kan bli betre på for framtidige tilflyttarar.

- Mingling og mini workshop
Etter innlegga blir det litt uformell mingling, før vi går vidare til ein mini-workshop. Her jobbar vi i små grupper med erfaringar og idéar knytt til rekruttering, tilflytting og trivsel i Stranda. Målet er å gå frå idé til handling, og peike på tiltak ein sjølv kan tenkje seg å bidra til.

Avslutningsvis samlar vi opp nokre av innspela og opnar for ein felles samtale om kva vi tek vidare.

_________________________________________________________


Arrangementet er ope for alle som er engasjerte i framtida til Stranda. Velkomen til ein sosial og engasjerande kveld på Koie!

PÅMELDING

Meld deg på her.

tirsdag

24

februar

2026

med Trond Løkling fra PwC

onsdag

24

mars

2027