BLI MED HIT! Oslo

Felles jobbmesse for Møre og Romsdal!

BLI MED HIT! Logo
20. april 2026|kl. 16:00 – 18:30|The Hub, Oslo

Små avstandar – STORE moglegheiter!

BLI MED HIT! er jobbmessa for heile Møre og Romsdal! Arbeidsgivarar frå heile fylket reiser til Trondheim kvar haust og Oslo kvar vår for å vise fram det fantastiske arbeidslivet og moglegheitene i regionen vår!

Her kan du bli inspirert, byggje nettverk og få eit innblikk i korleis livet og karrieren kan sjå ut i Møre og Romsdal.

Neste jobbmesse er på The Hub i Oslo, mandag 20. april kl. 16-18:30.

For kandidatar

Er du på jakt etter jobb, nye utfordringar – eller berre nysgjerrig på kva som finst der ute? På BLI MED HIT! får du møte eit breitt spekter av arbeidsgivarar frå heile fylket.

Dette er ein unik moglegheit til å:

  • Utforske jobb- og karrieremoglegheiter
  • Snakke direkte med bedrifter
  • Byggje nettverk og skape kontaktar
  • Få eit betre inntrykk av korleis det er å bu og jobbe i regionen

Messa er gratis og open for alle, uavhengig av om du er student, utflytta, tilflyttar eller berre nysgjerrig på moglegheitene i Møre og Romsdal. Hugs å hente ut gratis inngangsbillett, som også inkluderar lett servering.

For arbeidsgivarar

For bedrifter i regionen er BLI MED HIT! ein viktig arena for rekruttering og profilering.

Her får de moglegheita til å:

  • Synleggjere bedrifta dykkar og kva de jobbar med
  • Møte relevante kandidatar ansikt til ansikt
  • Byggje relasjonar med framtidig arbeidskraft
  • Skape interesse for både stillingar og regionen

I tillegg til å booke stand på sjølve messa kan arbeidsgivarane melde seg på fagleg program i forkant, og etter messa blir det lagt til rette for ein sosial møteplass, der ein kan bli betre kjent på tvers av bedrifter og miljø. Mange opplever at dette er vel så verdifullt som sjølve messa – her har det blitt knytt viktige kontaktar, starta nye samarbeid og opna dører for vidare utvikling i regionen.

Arrangementet gir ei unik moglegheit til å nå ut til potensielle kandidatar – også dei som ikkje aktivt er på jobbjakt, men som kan vere opne for den rette moglegheita på sikt.

Les meir og meld deg på under.

Fleire arrangement

BLI MED HIT! Trondheim

Ikkje gå glipp av!

mandag

26

oktober

2026

BLI MED HIT! Trondheim

Clarion Congress Trondheim

Felles jobbmesse for Møre og Romsdal!