Cowork onsdag på Hygge
Gratis cowork kvar veke!

Nyheit! Gratis cowork hos Hygge kvar onsdag!
Etter at det kom etterspørsel etter cowork under Denne Stranda sin Folkepub, tok Uteguiden kontakt for å få til eit tilbod – og no skjer det!
Framover kan du sitje gratis og jobbe hos Hygge kvar onsdag kl. 08:00–16:00.
Ta med PC-en og jobb i trivelege omgjevnader saman med andre. Kafeen har sal av kaffi og noko godt å bite i kl. 10:00–14:00
Vi oppmodar også deg som har kontor ein annan stad om å ta turen innom – kanskje for å ta lunsjen her og møte andre som jobbar i bygda
Studentar er sjølvsagt også velkomne til å kome innom for å lese eller jobbe litt!
Velkomen til ein sosial og hyggeleg arbeidsdag på Hygge!
Fleire arrangement

Ikkje gå glipp av!
mandag
26
oktober
2026

torsdag
27
mai
2027
Teknologifestivalen 2027
Næringsfabrikken i Sykkylven
Programmet er under utvikling, men datoen er klar: 27.–28. mai 2027. Sett av dagane allereie no, meir informasjon kjem!